Tidleg innsats for sunn livsstil er eit tilbod til barnefamiliar med overvekt og/eller livsstilsutfordringar. Mål: Endring av livsstil for heile familien når det kjem til kosthald og fysisk aktivitet. Prosjektet rettar seg i hovudsak mot barn frå 1.-4. klasse med overvekt og/eller fedme og deira føresette. Det består av ei blanding av temabasert kurs i grupper og individuell oppfølging. Det går over elleve møter med bland anna undervisning i kosthold, grensesetting, fysisk aktivitet og skjermbruk for foreldre og fysisk aktivitet for barna.
Vi innviterar inn ulike idrettslag så barna får prøve på ulike aktivitetar i eit trygt miljø, og vi håpar dette kan stimulere til att barnet ønskjer å fortsetje med ein aktivitet etter endt kurs. Rekrutteringa skjer av helsesjukepleiar ved måling av høgde og vekt i 1. og 3. klasse.
Alle barna med ein ISO-kmi over 25 og som har hatt ein aukande vektutvikling frå tidligare målingar vil saman med føresette få tilbod frå helsesjukepleiar om å delta på kurs. Det blir også annonsert om kurs i lokalavisa og på kommunen sine nettsider. Det blir sendt ut skriv til skulane så alle føresette til barn frå 1-4 klasse får informasjon. Prosjektet er eit samarbeid mellom fysioterapeut, helsesjukepleiar, frisklivskoordinator og lege samt ulike idrettslag er inne.
Kurset er utvikla med delfinansiering av Vestland fylkeskommune.
Legg igjen en kommentar